© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Tradisjonen tru held Leven Nordhordland rockeklubb leven før jul, med ein litt meir rocka julekonsert. Dei to nordhordlandsbanda Skjenk og Slush kjem for å slokkje rocketørsten til publikum før jul. Kom og rock laus før julestresset startar; her gjeld berre én ting: Slappe av og rocke laus!
Laurdag 12. desember - Meieriet Frekhaug
Dørane opnar kl. 20.00. 18 års.
SKJENK
Skjenk byr på luguber boogierock, med innslag av blant annet punk og piano. De har spilt et knippe konserter i Bergen allerede, hvor stemningen går i taket idet første takten slås. Her er det øl, energi og idioti, i nydelig harmoni.
“Nå slukker de min tørst med The Thirst Amendment” skriver Vinyl og Røvere om platen, som ble gitt ut 17. april.
«Ja, denne plata sparker fra seg – ikke bare på grunn av gjennomgående sterke låter, men også takket være lidenskapen Skjenk har tatt med seg inn i studio. Her er det ekte ildsjeler i arbeid, folk som har bevart sine egne musikalske lyster direkte på plate og samtidig erklært krig mot hele den skandinaviske rockeeliten. Dette holder definitivt Turbonegro-nivå – og det sier jeg ikke ofte!»
– Powermetal.de
Lenke til album: https://orcd.co/thirstamendment
SLUSH
Sjeldan sjanse for Slush-fans!
Saman med Skjenk kjem partyrock-veteranane Slush, som går tilbake til røtene for ein kveld. Då gjengen frå Holsnøy starta opp i 2008, var det med eigne låtar type skitten rock, pluss utvalde covers av band som Rancid og tidleg Rush.
Under namnet RHORM gav dei i 2010 ut sitt debutalbum, som blei spelt på både NRK P1 og P5 Bergen.
No er bandet eit etterspurd party- og eventband som nyleg fylde Scruffy Murphys’ i Bergen to kveldar på rad.
På Meieriet får du derimot høyre både RHORM-låtar og tidlege covers som dei ikkje har spelt på 10–15 år, ein sjanse som kanskje aldri kjem att.
Dørane opnar kl. 20.00.
Me held ope til kl. 00.00ish.
Sal i bar. 18 års aldersgrensa.
Verge ordning tilgjengeleg.
Forhandssal via ticketco.
enda meir praktisk for dei som like slikt:
Parkering:
Næraste parkering finn du utanfor Meland ungdomsskule.
Buss:
Næraste busshaldeplass til Meieriet er Frekhaug terminal.
Frå Bergen: Ta buss 300 (mot Knarvik) og byt buss på Flatøy terminal til Frekhaug terminal.
Frå Knarvik: Ta buss 300 (mot Bergen) og byt buss på Flatøy terminal til Frekhaug terminal.
Siste buss heim:
Til Knarvik: Siste bussar frå Frekhaug terminal går 23:09 og 00:39.
Til Bergen: Siste ordinære buss direkte frå Frekhaug terminal går 22:39. Ta buss 00:39 frå Frekhaug til Flatøy terminal, og byt der til buss 300 mot Bergen busstasjon (som går frå Flatøy kl. 01:35).
Ellers ta taxi: Nordhordland taxi is the thing!
Vil du bli med å jobba frivillig?
Ta kontakt med oss på e-post kontakt@nordhordlandrockeklubb.no.
Vil du støtta klubben og bli medlem?
Som medlem får du rabatt på arrangement.
Sjå nettsida vår: https://nordhordlandrockeklubb.no/bli-medlem