Leven presenterer: Masheena og Magick touch
Fredag 23. mai invitar Leven-Nordhordland rockeklubb til konsert med Masheena og Magick Touch! Støtt det lokale musikkmiljøet i Nordhordland ved å bli med å skapa leven. Velkommen!
Masheena- Tungt, drivande og rett frå vestlandskysten – Masheena er her for å blåse deg over ende!
Magick Touch- 10 år med riff, energi og rockesjel – dette vil du ikkje gå glipp av!
18 års aldersgrense- pub- definitivt god stemning!

Fredag 23. mai invitar Leven-Nordhordland rockeklubb til konsert med Masheena og Magick Touch! Støtt det lokale musikkmiljøet i Nordhordland ved å bli med å skapa leven. Velkommen!
Masheena
Tungt, drivande og rett frå vestlandskysten – Masheena er her for å blåse deg over ende!
Masheena er bandet som kom som ein storm i – starta av folk frå blant anna Immortal, Abbath og Lost at Last. Bandet leverer ei kraftpakke av stonerrock, grunge og klassisk hardrock.
Debutalbumet «West Coast Hard Rock» (2023) tok både publikum og kritikarar med storm: 6. plass på Doom Charts og skryt frå anerkjende magasin som «Velvet Thunder» og «The Obelisk». Albumet vart spelt inn i Bergen med Iver Sandøy (Enslaved), og miksa/mastera i USA av Machine (Clutch, Lamb of God, m.fl.).
Etter albumslippet har ikkje bandet kvilt – våren 2024 reiste dei til Texas for å spele inn oppfølgjaren, før dei la ut på ein headliner-turné i Europa. Nye låtar er på veg, men live smeltar gamle og nye riff saman til eit lydbilete som har fått publikum til å juble: Bandet har aldri høyrt så bra ut som no!
Bandet består av grunnleggerne, vokalist/gitarist Luis Salomon og bassist Tarjei Heggernes, samt gitaristen Heine Heggernes, og trommeslageren Martin Holmes.
Magick Touch
10 år med riff, energi og rockesjel – dette vil du ikkje gå glipp av!
Magick Touch har i løpet av det siste tiåret etablert seg som ein bauta i norsk hardrock. Sidan debutplata «Electrick Sorcery» i 2016 har den bergenske power-trioen levert klassiske riff, fengande refreng og rå spelglede – både på plate og ikkje minst frå scena.
I 2023 kom det kritikarroste albumet «Cakes & Coffins», som fekk strålande kritikk og stadfesta posisjonen deira som ein av dei fremste representantane for «oppdatert oldtidsmetall» her til lands. "Magick Touch demonstrerer på ‘Cakes & Coffins’ at de er et uhyre undervurdert band i den norske tradmetall-floraen, og skivas fire-fem beste låter hører hjemme på enhver grill/festivalspilleliste som tar seg selv noenlunde seriøst.» (metallurgi.no).
Magick Touch leverar eit show du vil hugse lenge. Dette blir ei rockefest utan like – og du vil verkeleg ikkje stå utanfor når det smell!
«Bård «Heavy» Nordvik, HK Rein og Christer Ottesen har en helt unik evne til å kverne ut riff og melodier som er så gode at man nesten ikke kan tro at ingen andre har laget dette før dem. Hvor mange originale, gode riff er det egentlig mulig å presse ut av et par grunnleggende skalaer?» (Bergens Tidende)
Denne kvelden vil du ha med deg!
Dørene opnar kl. 19:30. Konsertstart kl. 20:00.
Pub- Aldersgrense 18 år.
God parkeringsmuligheter.
Buss fra Frekhaug terminal kl. 23ish til Knarvik og til Bergen.
Buss fra Frekhaug terminal kl. 00ish og kl. 00:50ish til Knarvik.
Vil du bli med å jobba frivillig?
Ta kontakt med oss på e-post kontakt@nordhordlandrockeklubb.no.
Vil du støtta klubben og bli medlem?
Som medlem får du rabatt på arrangement.
Sjå nettsida vår: https://nordhordlandrockeklubb.no/bli-medlem
Restrictions
18 års aldersgrense. Vergeordning tilgjengeleg. Ta kontakt med oss på forhånd.